deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Sogndal › 50 % fast stilling som behandlar

50 % fast stilling som behandlar

Skole50 %Fleksibel

Om jobben

Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse.

Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale.

Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.

Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.

Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.

Arbeidsoppgåver

Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar

Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar

Delta i fag- og kompetanseutvikling

Det må påreknast noko reiseverksemd

Kvalifikasjonar

Grunnutdanning som lærar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar)

Relevant mastergrad

Erfaring med poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge

Erfaring med tverrfagleg samarbeid

Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar

Gode samarbeidsevner

Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Varierte og spanande arbeidsoppgåver

Gode moglegheiter for fagleg utvikling

Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer

Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500

Arbeidsstad

Dalavegen 29

6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5211236029

Stillingsprosent: 50%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 01.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sogndal BUP, Helse Førde.

Arbeidssted

Sogndal

Publisert 15. november

Lignende jobber