deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Assistentar i faste helgestillingar, dag/aften

Assistentar i faste helgestillingar, dag/aften

Helse20 %Helg og fleksibel

Om jobben

Psykiatrisk klinikk er ein klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk har tre avdelingar lokalisert på Sandviken; Psykiatrisk akuttmottak (PAM), Avdeling stemningslidingar (ASL) og Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) og tre avdelingar på Haukeland; Avdeling spiseforstyrringar, Avdeling alderspsykiatri og Avdeling psykosomatisk medisin.

Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert, tverrfagleg behandling til pasientar med stemningslidingar som har behov for utgreiing og behandling på sjukehusnivå.

Avdeling Stemninglidingar har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar. Seksjon S6 er ein av dei to døgnseksjonane med ni ordinære døgnplassar og tre psykiatriske intensivplassar.

Vi arbeider for at pasientane skal føle seg trygge og ivaretatt her hos oss, og i tillegg til å arbeide relasjonelt er vi stolte av å vere fleksible slik at vi får til god og individuelt tilpassa behandling til våre pasientar.

Vi har eit godt, triveleg og kompetent arbeidsmiljø på S6, og søker etter assistentar til 6 faste helgestillingar 14-20 % med arbeid kvar tredje helg.

Tiltredelse etter nærare avtale. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

Pasientoppfølging og pasientadministrativt arbeid

Oppfølging og evaluering av miljøterapeutiske tiltak, med eit fokus på å skape gode relasjonar til pasientane

Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir også vurderte

Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon

Ha engasjement og interesse for å arbeide med pasientgruppa

Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke er ein fordel

Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi tenker at du:

Er moden, tolmodig, fleksibel, løysingsorientert og ansvarsbevisst

Har evne til å handtere ulike følgelsesmessige reaksjonar hos pasientane, og møter dei med respekt

Har gode kommunikasjonseevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Er opptatt av kvalitet og liker varierte utfordringar

Trivast i eit aktivt og travelt miljø, og er ein god teamarbeidar

Vi tilbyr deg:

Ein spennande og utfordrande jobb som gjev personleg utvikling

Eit godt, triveleg , engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø

Fagutvikling og opplæring i MAP

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jan Legreid, Seksjonsleiar, +47 55958762

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5216676729

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 14.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Seksjon S6, Helse Bergen HF, Divisjon psykisk helsevern.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 27. november

Lignende jobber