deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Bergen › Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling

Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling

Helse20 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar.

Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri.

I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet.

Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar?

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.

Arbeidsoppgåver

Følge opp pasientar i henhald til behandlingsplan

Bidra til å skape eit trygt postmiljø for både pasientar og personale

Kunne gi omsorg, støtte og struktur for pasientar i ein vanskeleg livssituasjon

Miljøterapeutisk arbeid

Kvalifikasjonar

Ønskeleg med erfaring frå liknande type arbeid

Gjerne student innan helsefagleg utdanning

Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team, vere strukturert

Ansvarsbevisst, fleksibel og engasjert

Stor arbeidskapasitet

Meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg

Krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du er initiativrik, interessert og har respekt for den einskilde pasient

Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning

Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg

Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Du etterspør rettleiing

Vi tilbyr

Grundig opplæring

MAP kurs, møte med aggresjonsproblematikk

Triveleg arbeidsmiljø

Treningsrom for tilsette

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bente Baug Grey, Seksjonsleiar, 55958384

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5204438904

Stillingsprosent: 20%

Fast

Startdato: 30.11.2026

Søknadsfrist: 17.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Klinikkf or sikkereheitspsykiatri/ Regional Sikkerhetsseksjon (RS), Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 3. november

Lignende jobber