deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Restaurant › Voss › Avdelingsvert ved Voss sjukeheim

Avdelingsvert ved Voss sjukeheim

Restaurant20–65 %Helg og fleksibel

Om jobben

Om arbeidsstaden

Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling, korttidsavdeling og heimeteneste. Lysinga gjeld for korttidsavdelinga. Me jobbar for tida etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Me har eit sterkt aukande fokus på mestringsteknologi.

Avdelinga har ledig to stillingar som avdelingsvert, ein stilling i 65% og ei helgestilling på 20%.

Begge stillingane inneber arbeid annar kvar helg.

Me tilbyr

Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø

God opplæring og rettleiing

En variert og meiningsfull jobb

God pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring

Arbeidsoppgåver

Hovudmålet med stillinga er å avlaste pleiepersonalet med oppgåver som ikkje er direkte pasientretta, slik at dei får meir tid til pleie og omsorg. Samstundes skal avdelingsverten bidra til trivsel, fellesskap og ein god kvardag for bebuarane

Kjøkkenarbeid, til dømes reinhald, borddekking, servering og istandgjering av måltider

Reinhaldsoppgåver knytt til pasientrom, fellesareal og skyllerom

Oppgåver knytt til varemottak og orden på lager og lintøyrom

Andre praktiske og trivselsskapande oppgåver, som å stelle blomar, pynte til høgtider og bidra til eit triveleg og heimleg miljø for bebuarane

Arbeid annarkvar helg

Kvalifikasjonar

Du som er ufaglært og ynskjer å gjere ein forskjell for våre tenestemottakarar. Du må inneha tilstrekkeleg norsk språkkunnskap til å kunne omgåast og samarbeide med pasientar og kollegaer.

Helsefagleg utdanning eller erfaring frå arbeid med pasientnære oppgåver er ein fordel.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Er trygg, strukturert og målretta

Er fleksibel og løysningsorientert

Er Inkluderande og god til å byggja relasjonar

Arbeider sjølvstendig og ynskjer å skapa gode resultat i fellesskap

Er løysingsorientert og høg gjennomføringsevne

Er god til å motivera og engasjera Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Voss herad Voss sjukeheim korttidsavdelinga.

Arbeidssted

Voss

Publisert 16. november

Lignende jobber