deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Time › Barnehagelærarstudent

Barnehagelærarstudent

Barnepass40 %Fleksibel

Om stillingen

Vestly idrettsbarnehage har ledig fast 40% stilling til barnehagelærarstudent med snarast mogleg oppstart. Me ynskjer ein student som er ferdig med fyrste året og som har erfaring frå stor barnehage.

I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.

Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.

Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.

Me har pedagogar, sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.

Barnehagen skal, barnehageåret 2026–2027, ha barn på 8 avdelingar med i alt 128 barn.

Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen: https://vestlybhg.no/

Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.

Arbeidsoppgåver

Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen

Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn

Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette

Foreldresamarbeid på avdelinga

Gje barna ein god og trygg start på livet

Skapa trivsel og utvikling, for både barn, personalet og føresette

Er aktiv saman med barna i kvardagen

Kvalifikasjonar

Starta på utdanning som barnehagelærar, og fortrinnsvis vere i gang med 2. året av utdanninga.

Gode digitale ferdigheiter

Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28 Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet

Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast

Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg

Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert

Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap

Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg

Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

Gode pensjonsordningar

Løn etter avtale. Me har eiga studentavlønning for barnehagelærarstudentar i barnehage.

Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø

Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no

Arbeidsstad

Vestlyvegen 117

4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5195190238

Stillingsprosent: 40%

Fast

Søknadsfrist: 08.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Vestly idrettsbarnehage, Time kommune.

Arbeidssted

Lye, Time

Publisert 16. oktober

Lignende jobber