deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Renhold › Sunnfjord › BUA Sunnfjord søker tilkallingsvikar til vintersesongen

BUA Sunnfjord søker tilkallingsvikar til vintersesongen

RenholdKveld, helg og fleksibel

Om jobben

Er du serviceinnstilt, glad i aktivitet og på utkikk etter ein spennande ekstrajobb? Då kan du vere den vi ser etter!

BUA søkjer ein positiv og engasjert medarbeidar til vintersesongen frå desember 2026 til mars 2027, med moglegheit for vidare arbeid i 2027.

Hos BUA jobbar vi for at alle skal ha moglegheit til å delta i leik, idrett og friluftsliv, uavhengig av økonomi. Som medarbeidar hos oss vil du bidra til å skape gode opplevingar for lånarane våre.

Vi søker:

tilkallingsvikar

Krav til søkar:

du må ha fylt 16 år

snakke godt norsk

Arbeidstid:

Arbeid vil vere etter behov, hovudsakleg innanfor opningstidene våre på kveldstid og i helgane:

I dag har vi ope

Måndagar: kl. 15.30–18.30

Laurdagar: kl. 10.00–12.00

Det kan bli endring i opningstider. I feriar kan det verte utvida opningstider.

Arbeidsoppgåver:

halde BUA open og ta imot besøkande

rettleie lånarar og hjelpe dei med å finne rett utstyr

registrere utlån og innlevering av utstyr

ta imot, kontrollere og setje på plass innlevert utstyr

bidra til å halde lokala ryddige og oversiktlege

Vi ser etter deg som:

er sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik

er positiv, imøtekomande og serviceinnstilt

er påliteleg og møter til avtalt tid

likar å hjelpe andre

gjerne har interesse for eller kunnskap om ski og vinteraktivitetar. Dette er ein fordel, men ikkje eit krav.

Vi tilbyr:

ein variert og meiningsfull ekstrajobb

kjekke medarbeidarar å sparre med

verdifull arbeidserfaring

moglegheita til å bidra til eit inkluderande og aktivt lokalsamfunn

moglegheit for vidare arbeid etter vintersesongen

Høyrest dette ut som noko for deg? Send oss ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kvifor du ønskjer å jobbe hos BUA.

Send søknad og cv til buasunnfjord@sunnfjord.kommune.no

Ta kontakt med Guro Askeland på telefon 47645164 om du har spørsmål til stillinga.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sunnfjord kommune Aktivitetseininga.

Arbeidssted

Førde, Sunnfjord

Publisert 26. november

Lignende jobber