deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Buveileder bustadkontoret

Buveileder bustadkontoret

Helse80 %Fleksibel

Om stillingen

Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp?

Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad.

Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter.

Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret.

Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga.

Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.

Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd.

Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.

Arbeidsoppgåver

Oppfølging av leigetakarar i kommunale bustadar

Bistå søkjarar til kommunal bustad med å finne bustad på det private markedet

Praktisk og økonomisk veiledning, og motivere til økt sjølvstendighet og mestring

Delta i kartlegging og saksbehandling av søknader om kommunal bustad

Kvalifikasjonar

Sosialfagleg/ økonomisk bakgrunn på høgskulenivå eller anna relevant høgskulenivå

Erfaring innan bustadsosialt arbeid

God økonomi forståing

Kunnskap og erfaring innan psykisk helse og rus

Gode datakunnskap

God norsk kunnskap, kommunen nyttar nynorsk som målform

Ynskjeleg med kjennskap til lov- og avtaleverk for fagområde og offentleg forvaltning

Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Stødig og trygg fagperson som trives i samspel mellom medarbeidere og innbyggjarar

God på relasjonsbygging. Evne til å skape god dialog

Ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide strukturert

Ha evne til å motivere, skape engasjement og fremme refleksjon

Gjennomføringsevne, serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert

Uredd og robust, du må tale å arbeide med motstand.

Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning

Vi tilbyr

Varierte arbeidsoppgåver der du vil være med å utvikle kommunen i framtida

Gode kollegaer, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø

Lønn etter gjeldande avtaleverk

Gode forsikrings- og pensjonsordningar ( https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt )

Gratis parkering

TIlgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider

Bedriftskunstforening

Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor

Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Jane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072

Arbeidsstad

Solavegen 1

4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5200701803

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 12.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Klepp kommune, Meistring og samordning.

Arbeidssted

Kleppe, Klepp

Publisert 28. oktober

Lignende jobber