deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Butikk › Deltidsekspeditør
VinmonopoletKragerø

Deltidsekspeditør

ButikkDag og fleksibel

Om jobben

Vil du bli ein del av Noregs beste faghandel?

I butikken vår i Kragerø jobbar vi kvar dag for å skape gode kundeopplevingar. Vi søkjer ein engasjert og dyktig kollega – er dette deg?

Medarbeidarane våre er kjende for høg kompetanse og god service. Som butikkmedarbeidar hos oss er du Vinmonopolets viktigaste ansikt utetter, og ved å rettleie kundane i vareutvalet bidrar du til gode kundeopplevingar. Du er òg med på å sikre at vi sel med ansvar ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar. Stillinga er på 2,5 timar i gjennomsnitt per veke. Du treng ingen forkunnskapar så lenge du har lyst til å lære!

Kva kan vi tilby deg?

Vi er først og fremst trivelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptatt av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal kjenne seg velkomne og kunne vere seg sjølve.

Dyktige og engasjerte kollegaer

Eit hyggjeleg og inkluderande arbeidsmiljø

Grundig opplæring som gir unik kompetanse innanfor faget vårt, og jamleg varefagleg oppdatering

Bli ein del av ein raus og inspirerande delingskultur

Bli ein del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, og som har berekraft høgt på dagsordenen

Gode lønns- og arbeidsvilkår og medlemskap i Statens pensjonskasse, som gir gode forsikringsordningar

Arbeidsoppgåvene dine vil vere

Skape det beste kundemøtet ved å gi kunderettleiing om produkta våre

Sikre ansvarleg sal ved å ikkje selje til mindreårige eller rusa personar, og førebyggje langing

Kassaarbeid og handtering av pengar

Rutinar og aktivitetar i samband med varehandtering

Anna førefallande butikkarbeid

Halde varefaglege prøvingar og kurs for butikken

Opne og stenge butikken

Ansvar for oppgjer

Personlege eigenskapar

Du er blid og serviceinnstilt

Du brenn for å gi det beste kundemøtet

Du er engasjert, fleksibel og opptatt av å finne gode løysingar

Du evnar å sjå, lytte og forstå behova til ulike menneske

Som person er du ein lagspelar og jobbar godt saman i team

Du har god formidlingsevne

Som tilsett hos oss identifiserer du deg med verdiane våre: raus, solid og dynamisk

Kvalifikasjoner

For å jobbe hos oss må du ha fylt 20 år og ha gode norskkunnskapar

Du bør ha fullført treårig vidaregåande opplæring (eller tilsvarande)

Det er ein fordel om du har interesse for mat og drikke

Det vil bli vektlagt om du har kjennskap til butikken vår i Kragerø

Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse. Høyrest dette ut som noko for deg? Søk på stillinga! Ta kontakt med butikksjef Alexandra Høst på tlf. 957 77 280 eller e-post alexandra.host@vinmonopolet.no viss du har spørsmål om stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.

Søknadsfrist: 29 november 2026

I Vinmonopolet har vi eit sterkt fokus på samfunnsansvar og ansvarleg sal av alkohol. Vi er medvitne om å skape ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern (https://www.vinmonopolet.no/personvern)

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Vinmonopolet.

Arbeidssted

Kragerø

Publisert 16. november

Lignende jobber