deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Strand › Eikehaugen barnehage har ledig 65 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 1. Desember 2026

Eikehaugen barnehage har ledig 65 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 1. Desember 2026

Barnepass65 %

Om stillingen

Eikehaugen barnehage er ein del av Nordre Strand oppvekstsenter og ligg flott til på Fiskå i Strand kommune. Me er ein tre-avdelings barnehage med eit engasjert personale som arbeider for å skapa ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag for alle barn.

Me søkjer ein pedagogisk leiar som ønskjer å vera med og vidareutvikla eit fagleg sterkt og framtidsretta barnehagemiljø, der leik, relasjonar og læring står i sentrum.

Arbeidsoppgåver:

Leia det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagen sine planar og rammeverk.

Sikre eitt inkluderande , trygt og stimulerande læringsmiljø

Rettleia, motivera og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet

Samarbeida tett med foreldre og kollegaer

Bidra aktivt i utviklingsarbeid i barnehagen

Kvalifikasjonar:

Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar

Gode norskkunnskapar

Gode samarbeidsevner og trygg i leiarrolla

Me søker deg som er:

Ansvarsbevisst og trygg i rolla som leiar

Positiv, engasjert og løysingsorientert

Skapar gode relasjonar og eit inkluderande miljø

Har eitt sterkt engasjement for barn sin leik, utvikling og trivsel

Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Strand kommune Eikehaugen barnehage.

Arbeidssted

Jørpeland, Strand

Publisert 27. oktober

Lignende jobber