deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Energikonsulent - i skjæringspunktet mellom sjukehus og idrett

Energikonsulent - i skjæringspunktet mellom sjukehus og idrett

Helse20 %Kveld og fleksibel

Om jobben

Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er eit mål at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarar kan også nytta senteret. Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. Senteret skal invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag, pasientorganisasjonar og forskingsmiljø.

No har vi ledig 20% fast stilling som Energikonsulent. Oppstart 04.01.2027. Ein Energikonsulent skal gje barn og unge tilknytta sjukehuset auka moglegheit for fysisk aktivitet og meistring individuelt eller saman med jamnaldrande. Primæroppgåva er å møte pasient og føresette i konsultasjon, finne og kontakte aktuelt idrettstilbod i deira nærmiljø og ved behov følge ut i aktivitetstilbodet ei kort periode. Energikonsulent er eit tilbod på tvers av somatikk og psykiatri, og du må evne å møte barn, unge og vaksne i ein sårbar situasjon. Periodevis må det påreknast andre oppgåvar innanfor stillingsprosent, og det vil vere mogleg å ta på seg ledige vaktar som basseng- og kinovert. Du vil mellom anna jobbe i team med ein koordinator og to andre Energikonsulentar.

Det må påreknast arbeid på ettermiddag/kveld for oppfølging av aktivitetar. Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding. Tilstrekkelig med opplæring vil bli gitt.

Arbeidsoppgåver

Pasientoppfølging som beskrive over

Rapportering og oppfølging i journal

Vere tilgjengeleg for aktuelle fagmiljø innan somatikk og psykatri

Forefallande arbeid på senteret ved kapasitet

Kvalifikasjonar

Det er ein fordel med arbeidserfaring frå helsetenesta og/eller idretten

Det er ønskeleg med 180 studiepoeng (bachelorgrad) innan helse-/sosialfaglege eller idrettsfaglege emne

Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge

Personlege eigenskapar

Evne til å møte barn, unge og deira foreldre med varme og respekt

Initiativrik, ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Evne til å motivere og begeistre

Trivast med fysisk aktivitet

Personleg eignaheit vil verte vektlagt

Vi tilbyr

Lønn iht gjeldande overeinskomst

Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgruppe

Moglegheit for å påverke framtidast pasientbehandling i skjæringspunktet mellom sjukehus, kommune og idrett

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5215137325

Stillingsprosent: 20%

Fast

Søknadsfrist: 09.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Barne- og ungdomsklinikken/ Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 26. november

Lignende jobber

Spesialiserte helsetjenester, Bamble kommune · StathelleErgoterapeutHelse · 80 % · FleksibelFrist 14. desember