deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Sunnfjord › Fagansvarlig lege ved legevakta i Sunnfjord

Fagansvarlig lege ved legevakta i Sunnfjord

Helse20–50 %

Om stillingen

Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) er ei veldreve legevakt som har vore i funksjon sidan 2009. Vi treng no ny fagansvarleg lege, som er interessert i å oppretthalde og vidareutvikle den gode legevakta i Sunnfjord.

Hva vi ser etter

Søker må vere godkjent spesialist i allmennmedisin i Norge. Spesialitet i samfunnsmedisin vil og vektleggast, alternativt vil det leggast til rette for å kunne oppnå spesialiteten

Søker må ha norsk autorisasjon som lege og god erfaring frå legevakt

Gode norskkunnskaper både når det gjeld forståing og evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg, nivå B2.

Ha førerkort klasse B

Følgande vert vektlagt

Personlig egnethet

Faglig engasjement

Gode samarbeidsevner

Referanser (To referanser oppgis)

Politiattest av ny dato må fremlegges før tiltredelse

Arbeidsoppgaver

SYS IKL har hatt ein lege som øvste leiar dei siste 14 åra. Stillinga er no sagt opp frå 1. januar 2027, grunna nye arbeidsoppgåver utanfor organisasjonen. Vi lyser difor ut stilling som fagansvarleg lege, der sjølve leiaransvaret ikkje lenger er lagt til stillinga.

Stillinga inneber at du er dagleg leiar sin næraste medarbeidar med tanke på fagleg rådgjeving for organisasjonen, og for å sikre god fagleg praksis ved legvakta. Som eit interkommunalt selskap (IKS) er vi organisert med eige styre, som har 5 faste styremøter årleg. I forkant av styremøter er det møte i det rådgjevande fagrådet, der legevaktansvarleg lege frå kvart legekontor i samarbeidet møter. Kvart halvår er det møte i representantskapen, som er organisasjonens øvste organ. Fagansvarleg lege deltek i førebuing av saker til fagråd-, styre- og representantskapsmøter, og har saman med leiar for legevakta møte- og talerett. Vidare har fagansvarleg lege ansvar for å bidra til gjennomføring av dei vedtak som er fatta i styre- og representantskapsmøtene.

SYS IKL har ein erfaren administrativ leiar i 100% stilling. Ilp av første halvåret 2027 vil denne stillinga bli utlyst, med tanke på å tilsette ny dagleg leiar. Vidare er det to erfarne fagutviklingssjukepleiar i kvar sin 50% stilling (ØHD/legevakt og legevaktsentral/legevakt). Til saman utgjer dette leiargruppa ved legevakta som samarbeidar tett. På overgrepsmottaket er det erfaren lege (tidlegare legevaktsjef) i 20% stilling som medisinskfagleg ansvarleg, og erfaren fagutviklingssjukepleiar i 100% stilling.

Tidlegare legevaktsjef vil over tid vere tilgjengeleg for innføring i stillinga.

Det er om lag 50 fastlegar tilknytt legevakta. Vi har 4 fast tilsette natt-leger som går i rotasjonsstilling. Det er 28 sjukepleiarar tilsett, i samla 18 heile stillingar.

SYS IKL er ein organisasjon i utvikling, og det må påreknast arbeidsoppgåver både opp mot drift og vidareutvikling av organisasjonen:

Delta i førebuing og oppfølging av saker til fagråd, styremøte og representantskap

Vedlikehalde og vidareutvikle eit godt tverrfagleg samarbeid internt og eksternt; særleg opp mot øvrige kommunar og helseføretak

Handtering av avviks- og tilsynssaker

Utarbeiding og revisjon av naudsynte fagprosedyrer og -system

Fagsamlingar med tilsette og legar

Utarbeide og vedlikehalde vaktliste for legar

Øvrige driftsoppgåver i samarbeid med resten av leiargruppa

Vi vil tilrå at fagansvarleg lege og går legevakt (etter same ordning som fastlegane), for å ha best mogleg kjennskap til drifta

Vi tilbyr

Triveleg arbeidsplass med gode rutiner og varierte, spanande og utfordrende arbeidsoppgåver med fokus på kompetanseutvikling

God fastlønn

Dekning av kursutgifter utover DNLF fond II for å oppnå spesialitet i samfunnsmedisin og/eller behalde refusjonsrett i allmennmedisin inntil 4 dagar pr år

Gode pensjonsordningar gjennom KLP

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sunnfjord Og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid.

Arbeidssted

Førde, Sunnfjord

Publisert 20. oktober

Lignende jobber

Avdeling for medisinske sekretærtenester, Helse Førde · FørdeHelsesekretær/sekretærHelse · 70 %Frist 15. november