deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Kvam › Fagarbeidar i barnehage
OppvekstNorheimsund

Fagarbeidar i barnehage

Barnepass80 %Fleksibel

Om stillingen

Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage?

Norheimsund barnehage har ledig 80% fagarbeidar stilling frå snarleg.

Me søkjer etter deg som likar å laga gode kvardagar saman med små barn, er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink.

Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/

Arbeidsoppgåver

Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar

Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre

Vera ein trygg vaksen

Tilretteleggja for leik og læring

Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar

Delta i å utvikla barnehagen

Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre

Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen

Kvalifikasjonar

Barne- og ungdomsarbeidar, men er òg interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage

Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel

Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Påliteleg, omsorgsfull og engasjert

Du har godt humør og positiv innstilling

Du er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn

Møter barn, kollega og føresette med respekt

Er fleksibel og løysingsorientert

Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"

Me tilbyr

Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Karin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845

Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 30

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5201228071

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 16.11.2026

Sluttdato: 06.06.2027

Søknadsfrist: 17.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Oppvekst.

Arbeidssted

Norheimsund, Kvam

Publisert 3. november

Lignende jobber