deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Barnepass › Fagarbeidar på Eksingedalen oppveksttun

Fagarbeidar på Eksingedalen oppveksttun

Barnepass40 %Fleksibel

Om jobben

På Eksingedalen oppveksttun får du unike moglegheiter!

Kven er vi?

Oppveksttunet har frå november 5 barn i barnehagen og 10 elevar frå 1. til 9. trinn.

Her har du store undervisningsrom, nærleik til naturen, små elevgrupper, og ei støttande bygd som heiar på barnehagen og skulen sin.

Vi har ledig eit vikariat i 40 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå januar. Stillinga er for tida knytt til barnehagen, men det kan òg bli aktuelt med arbeid i skulen.

Er dette noko for deg? Ta kontakt med oss - vi fortel deg gjerne meir om alle prosjekta våre!

Vi ønsker å tilsette stabile, positive, velkvalifiserte medarbeidarar

som har evne til å skapa gode relasjonar

set barnet og eleven sitt beste i sentrum

har gode samarbeidsevner

er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar

har godt humør Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi oppmodar menn til å søka.

Krav til kompetanse

Godkjent som barne- og ungdomsarbeidar

Søkarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte

God munnleg og skriftleg framstilling

Godkjent politiattest

Vaksdal kommune kan tilby

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Individuell oppfølging

Gode moglegheitar for støtte til utdanning

Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Vaksdal kommune.

Arbeidssted

Dalekvam, Vaksdal

Publisert 19. november

Lignende jobber