Fagarbeider
Om jobben
Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd?
Fjone barnehage har ledig 40 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027.
I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas
beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring
og livsglede for alle barn og unge.
Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget?
Arbeidsoppgåver
•Skape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring.
•Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen.
•Støtte barn si utvikling og meistring.
•Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer.
•Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen.
•Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap.
Kvalifikasjonar
•Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte.
•Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel.
•Førarkort klasse B
•Du kan kommunisere godt munnleg på norsk. Politiattest må leggast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert,
samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser
initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag.
Personleg
eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
•Eit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode
•Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga.
•Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus.
•Ein liten barnehage med store muligheter.
•Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst.
•Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse."
•Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune.
Kontaktinformasjon
Maria Moland, Styrar Fjone barnehage
Arbeidsstad
Fjonevegen 2238
3855 Fjone
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5213308021
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 13.12.2026
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Fjone barnehage, Nissedal kommune.
Arbeidssted
Treungen, Nissedal
