deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Bergen › Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3

Helse14 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Har DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag?

Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.

Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Vi har ledig 14% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.

Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

Følge opp pasientar sin behandlingsplan

Bygge relasjonar til pasientane

Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø

Praktiske oppgåver

Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)

Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)

Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)

Kvalifikasjonar

Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon

Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna

Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg

Vi ønsker medarbeidarar som:

har respekt for kvar enkelt pasient

er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta

har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible

har gode kommunikasjonsevner

har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar

er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning

er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer

trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø

ønsker og evner å motta rettleiing

Vi tilbyr deg:

Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar

Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)

Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mari Lerum, seksjonsleiar, 90619510

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5202984138

Stillingsprosent: 14%

Fast

Søknadsfrist: 23.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 30. oktober

Lignende jobber

Medisinsk divisjon, Kliniske fellesfunksjoner, Fysioterapiseksjonen · LørenskogFysioterapeut/SpesialfysioterapeutHelse · 40–60 % · Helg og fleksibelFrist 22. november