deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Bergen › Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1

Faste helgestillingar i Avdeling stemningslidingar, S1

Helse15 %Helg og fleksibel

Om stillingen

S1 er ein lukka døgnseksjon med 11 sengeplassar. Vi gir spesialisert utgreiing og behandling til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blanda tilstandar.

Vi har ledig fast helgestilling som assistent i psykiatri. S1 har eit godt fagleg arbeidsmiljø, og vi søker deg som ønsker å bidra til og ta del i å oppretthalde dette.

Fast helgestilling inneber per i dag arbeid i todelt turnus kvar tredje helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppmoda til å søke. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

God oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål

Tverrfagleg arbeid i sengeposten, inkludert gjennomføring av planlagd behandling i tråd med god klinisk praksis, sjukehuset sine mål og gjeldande regelverk

Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar

Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak

Praktiske oppgåver knytte til drifta av sengeposten

Kvalifikasjonar

Vi søker fortrinnsvis studentar innan sjukepleie, vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurderte

Vi ønsker å knyte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte

Personleg eignaheit er eit krav

Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel

Søkar må meistre norsk svært godt, både skriftleg og munnleg

Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon

Vi søker deg som

Har motivasjon og interesse for fagfeltet

Skapar gode relasjonar til dei rundt seg og opptrer med tolmod og respekt

Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og arbeider godt både sjølvstendig og i team

Er løysingsorientert, flink til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og tek gjerne imot hjelp

Har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevande livssituasjon

Trivst i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte utfordringar

Følger opp delegerte oppgåver og er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit svært trivelegt arbeidsmiljø med høg kompetanse

Ein spennande og utfordrande jobb som er meiningsfull og gjev høve til personleg og fagleg utvikling

Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon (MAP)

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958712

Asle Gramstad, Ass. seksjonsleiar, 55958510

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5197446203

Stillingsprosent: 15%

Fast

Søknadsfrist: 15.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 23. oktober

Lignende jobber