deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Klepp › Helgestilling i psykisk helse- og rustjenesta (arbeid hver 2. Helg)

Helgestilling i psykisk helse- og rustjenesta (arbeid hver 2. Helg)

Helse42 %Helg og fleksibel

Om jobben

Vil du bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø?

Vi søkjer ein dyktig og omsorgsfull medarbeidar til ei fast helgestilling med arbeid kvar 2. helg i vår rus- og psykiatriteneste.

Hos oss får du moglegheit til å arbeide innan eit spennande og meiningsfylt fagfelt, der du bidreg til å skape tryggleik, meistring og gode kvardagar for menneske med utfordringar knytt til rus og psykisk helse.

Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet i tenestene. Stillinga passar godt for studentar innan helse- og sosialfag, fagarbeidarar eller andre med interesse for arbeid innan psykisk helse og rus.

Arbeidstid : Kvar 2. helg, med moglegheit for ekstravakter etter avtale.

Arbeidsoppgåver

Du skal bidra til å styrkje brukarane sine eigne ressursar og meistringsevne gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid og individuelt tilpassa oppfølging.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

Oppfølging av brukarar i eigen bustad

Miljøterapeutisk arbeid, støttesamtalar og relasjonsbygging

Rettleiing og støtte i daglege gjeremål

Motivasjonsarbeid som fremjar meistring og sjølvstende

Planlegging og gjennomføring av aktivitetar

Medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar og prosedyrar

Observasjon og oppfølging av psykisk og somatisk helse

Dokumentasjon og journalføring i fagsystem

Samarbeid med pårørande, kollegaer og aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Interesse for arbeid innan rus- og psykisk helse

Erfaring frå helse-, omsorgs- eller sosialfagleg arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Grunnleggande digitale ferdigheiter

Førarkort klasse B Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjær oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personleg eignaheit og ser etter deg som:

møter menneske med respekt, openheit og omsorg

har evne til å byggje tillit og skape gode relasjonar

er trygg og sjølvstendig i arbeidshverdagen

tek ansvar og bidreg til gode løysingar

samarbeider godt med andre og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

er fleksibel og løysingsorientert Vi er opptekne av å finne rett person til stillinga. Evne til relasjonsbygging, engasjement for brukargruppa og motivasjon for å bidra til gode tenester vil bli tillagt stor vekt. Studentar innan relevante helse- og sosialfaglege utdanningar vert oppmoda til å søkje

Vi tilbyr

Eit meiningsfylt arbeid i eit viktig samfunnsoppdrag

Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø

God opplæring og moglegheit for fagleg utvikling

Løn etter tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Gunstige studentavtalar ved arbeid i definerte sommarveker

Gratis parkering, bedriftsidrettslag og andre personalgode

Kontaktinformasjon

Ingeborg Røthe Lekve, Avdelingsleder, +47 45721377, ingeborg.rothe.lekve@klepp.kommune.no

Arbeidsstad

Olav Hålandsveg 2

4351 KLEPPE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5206211204

Stillingsprosent: 26,42%

Fast

Startdato: 04.01.2027

Søknadsfrist: 30.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Klepp kommune, Psykisk helse og rus, døgnteneste.

Arbeidssted

Kleppe, Klepp

Publisert 11. november

Lignende jobber