deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Molde › Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent

Helgevikariat for helsefagarbeidar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent

Helse20 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Allmenn - og alderspsykiatri SNR har ledig 2 x 20% helgestillingar.

Vi ønskjer oss truverdige og fagleg sterke helsefagarbeidarar eller sjukepleie-/vernepleiarstudent. Du har audmjukheit nok til å kjenne dine eigne styrkar, innsikt i eigne avgrensingar og tryggleik til å trå til når det skjer noko ekstra, samstundes som du bidreg med dine synspunkt i drøftingar med kollegaer.

Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplassar inkludert moglegheit for 2 intensivplassar - ingen akuttfunksjon. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Allmenn- og alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du søkjer – vi gleder oss til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har et stort fokus på miljøtiltak

Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollega i sengeposten og poliklinikk

Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak

Halde seg fagleg oppdatert og følge seksjonen sine kompetansehevingstiltak

Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane

Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, eller sjukepleie-/vernepleiarstudent

Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv

Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår

Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar

Du er fleksibel og løysingsorientert

Du er god til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper

Du har stor arbeidskapasitet

Du er fysisk og psykisk eigna til stillinga

Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollega både på det negative og positive Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter gjeldande overeinskomstar

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5183752965

Stillingsprosent: 20%

Vikariat

Startdato: 17.10.2026

Sluttdato: 30.05.2027

Søknadsfrist: 05.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Allmenn- og alderspsykiatri døgn SNR, Helse Møre og Romsdal HF.

Arbeidssted

Hjelset, Molde

Publisert 6. oktober

Lignende jobber

KIRURGISK POLIKLINIKK SNR, Helse Møre og Romsdal HF · HjelsetSjukepleiarHelse · 70 % · Dag, helg og fleksibelFrist 10. november