deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar 75% stilling, p.t. Natt

Helsefagarbeidar 75% stilling, p.t. Natt

Helse75 %Fleksibel

Om jobben

Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!

Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 75 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omggjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå 01.02.2027

Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsvariasjonar og inkluderar mellom anna fleire bufelleskap og dagsenter.

Arbeidsoppgåver

Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak

Helse, omsorgs- og pleiefagleg oppfølging

Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner

Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar

Dokumentasjon i EPJ

Forefallande arbeid

Legemiddelhandtering kan verte aktuelt

Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar

Nokre møte kan kome utanom oppsett arbeidstid i turnus

Kvalifikasjonar

Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning

Erfaring med miljøterapeutisk arbeid og oppfølging

Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel

Erfaring med åtferd som utfordrar

Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa

Du evnar og har vilje til å sette deg inn i å etterleve gjeldande lovverk for aktuelle område

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge

Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen

Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar, også over tid

Du er fleksibel og løysingsorientert

Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø

Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar

Du har gode samarbeidsevner

Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

Du held deg fagleg oppdatert, og fyl eininga sine oppsette planar for kompetanseutvikling

God datakunnskap

Du er open, lojal og til å stole på

God omstillingsevne

Personleg egnaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Eva Eline Nygaard Tandstad, avdelingsleiar, 95456291, eva.tandstad@sykkylven.kommune.no

Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5210081641

Stillingsprosent: 75%

Fast

Startdato: 01.02.2027

Søknadsfrist: 04.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune.

Arbeidssted

Sykkylven

Publisert 17. november

Lignende jobber

Lyshol Peder P Fotograf V/skjold Lyshol · SykkylvenFotograf (Frilanser)Annet · DeltidPublisert 8. oktober