deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Helse80 %Helg

Om stillingen

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte?

Medisinsk sengepost ved Lærdal sjukehus har ledige 80 % fast stilling for helsefagarbeidarar/hjelpepleiara r.

Stillinga kan ikkje delast.

Medisinsk sengepost har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar.

Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for friluftsliv året rundt. Plasseringa gjer Lærdal til eit naturleg knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.

Meir informasjon om Lærdal kommune finn du her.

Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å kontakte einingsleiar - sjå kontaktinformasjon i annonsa.

Arbeidsoppgåver

Pasientrelatert arbeid

Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (Meona og Dips)

Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga

Samarbeid i team med andre yrkesgrupper

Opplæring og rettleiing av studentar og lærlinger

Utføre arbeidsoppgåver delegert av leiar

Arbeide i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon

Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv

Du arbeider godt både sjølvstendig og i team

Du trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

Vi tilbyr

God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver

Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø

Tilgang til personalhytte på Filefjell

Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5201923979

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 12.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Medisin sengepost Lærdal, Helse Førde.

Arbeidssted

Lærdal

Publisert 28. oktober

Lignende jobber

Helse- og avlastningstjenesten for barn og unge, Trondheim kommune · TrondheimHelgestillingerHelse · 18 % · Dag, kveld, helg og fleksibelFrist 15. november