deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv?

Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv?

Helse80 %Fleksibel

Om stillingen

Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar.

Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt?

Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟

På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp».

BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane.

Kvifor velje oss?

💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø

💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar

💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt

💙 Moglegheiter for fagleg utvikling

Bli med på laget vårt!

Arbeidsoppgåver

Pleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak

Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta

Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane

Dokumentasjon og rapportering

Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som helsefagarbeidar

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov

Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar

Personlege eigenskapar

Er positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre

Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe

Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det

Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk

Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Nina Hovdenakk, Avdelingsleiar Natt, 90580264, nina.hovdenakk@sykkylven.kommune.no

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5192908182

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 05.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune.

Arbeidssted

Sykkylven

Publisert 9. oktober

Lignende jobber

Lyshol Peder P Fotograf V/skjold Lyshol · SykkylvenFotograf (Frilanser)Annet · DeltidPublisert 8. oktober