deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Stranda › Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar

Helse60 %Fleksibel

Om stillingen

Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.

Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.

Geiranger omsorgssenter har ledig

60 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 14.12.2026

Kvifor velge oss

Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.

Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet

Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette

God variasjon i oppgåver og utfordringar

Fokus på trivsel og arbeidsglede

Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad

Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling

Muligheit for vidareutdanning med støtte

God fastløn

Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige, heilt eller delvis, for ein tidsavgrensa periode

Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak

Gode pensjons- og forsikringsordningar Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.

Arbeidsoppgåver

Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande

Medikamenthandtering

Dokumentasjon

Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande

Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving

Kvalifikasjonar

Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav

Autorisasjon som helsefagarbeiar

Alminnelege datakunnskapar

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Førarkort klasse B

Personleg eignaheit vektleggast Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Trygg og Omsorgsfull

Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer

Positiv og løysingsorientert

Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre

Likar utfordringar

Interesse for faget

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Maråkvegen 36

6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5200475615

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 14.12.2026

Søknadsfrist: 10.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Geiranger distrikt, Stranda kommune.

Arbeidssted

Geiranger, Stranda

Publisert 26. oktober

Lignende jobber