deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Alver › Helsefagarbeider 60% fast stilling
Alver kommuneIsdalstø

Helsefagarbeider 60% fast stilling

Helse60 %Helg og fleksibel

Om jobben

Om stillinga

Ved Knarvik sjukeheim, avdeling 2, har vi ledig ei helsefagarbeidarstilling i 60%. Denne stillinga har langvakter kvar 4. helg og ellers ordinære vakter på 7,5 timar. Vi har årsturnus med planlagt arbeidstidsordning over 52 veker, og det er mogleg å påverke eigen turnus frå veke 47/2027.

Om oss

Avdeling 2 har 29 pasientrom med delt korttidsgruppe og somatisk langtidsgruppe. Det er forventa å kunne gå vaktene sine på begge grupper. Vi er heldig i denne avdelinga og har mange flotte tilsette med godt fagleg engasjement og dekning. Vi har tett samarbeid med ergo/fysio, sjukeheimsleger og andre tenester. Som helsefagarbeider er det forventa at ein er primærkontakt for pasientar. Dette vil du få opplæring i.

Arbeidsoppgåver

Sørgje for god pleie og omsorg til pasientane.

Administrere klargjorde legemiddel frå dosett eller multidose. Få særskilt opplæring i administrering av insulin og andre injeksjonar.

Vere primærkontakt for om lag 3–4 pasientar.

Delta i fagutvikling.

Vere rettleiar for elevar og nytilsette assistentar.

Utarbeide tiltaks- og pleieplanar.

Dokumentere i elektronisk pasientjournal.

Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonskrav

Autorisasjon som helsefagarbeidar

Beherske norsk språk både munnleg og skriftleg, tilsvarande B2 nivå I tillegg ønskjer vi at du har:

God digital kompetanse og forståing

Kven er du?

Vi søkjer deg som er pliktoppfyllande og glad i å arbeide. Vi søkjer ein helsefagarbeidar som har gode samarbeidsevner, men som òg kan arbeide sjølvstendig. Dersom du i tillegg er ansvarsmedviten og strukturert, kan dette vere stillinga for deg.

Avdelinga har ei todelt pasientgruppe, og det er derfor viktig at du er fleksibel og kan tilpasse deg ulike arbeidsoppgåver. Du må ha fokus på samarbeid og vere med på å nå felles mål til beste for pasientane.

Me tilbyr

Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange

Fagleg spennande arbeid

Fagleg sterke kollega

Godt arbeidsmiljø

Oppfølging og rettleiing

Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel

God pensjonsordning

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Alver kommune.

Arbeidssted

Isdalstø, Alver

Publisert 24. november

Lignende jobber