Helsesjukepleiar
Om jobben
Det er ledig 70 % vikariat som helsesjukepleiar ved helsestasjonen frå dags dato til 31.12. 2027, det kan bli mogleg med auke i stillingsprosent.
Helsestasjonen er organisert i eining Barn, familie og helse saman med barnevern, tenesta for psykisk helsearbeid for barn, unge og familiar, fysio- og ergoterapitenesta, flykningtenesta og legetenesta. Det er lagt stor vekt på samarbeid med dei andre tenestane i kommunen.
Helsestasjonen har til saman 12 tilsette og avdelingsleiar er næraste overordna.
Det er krav om politiattest av ny dato.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
•Arbeidet består av førebyggande helsearbeid ved helsestasjonen, helsestasjon for ungdom (HFU) og i skulehelsetenesta.
•Helsesjukepleiar jobbar etter gjeldande lover, forskrifter, retningslinjer og veiledere knytt til helsefremmande og forebyggande arbeid retta mot barn og unge 0-20 år og deira familiar.
•Delta i utvikling av digitale løysingar som gjer tenestene tilgjengelege for målgruppa.
•Planlegging og gjennomføring av individuelle, gruppe- og familiebaserte tilbod.
•Tverrfagleg samarbeid.
Kvalifikasjonar
•Utdanning som helsesjukepleiar med god kompetanse på barn og unge.
•Vere oppteken av tidleg innsats og helsefremmande arbeid.
•God digital kompetanse.
•God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
•Helst ha erfaring frå arbeid som helsesjukepleiar.
•Gjerne ha sertifisering i COS-P og ICDP.
•Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
•Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
•Gode samarbeidsevner.
•Ha god arbeidskapasitet.
•Fleksibel og løysingsorientert.
•Evne til å arbeide strukturert og målretta.
•Evne til å jobbe sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
•Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
•Godt arbeidsmiljø
•Løn og tilsetjing på vanlege kommunele vilkår, og god pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Tone Marie Giskegjerde, avdelingsleiar helsestasjonen, 41701899
Gretha Giske, einingsleiar, +47 97028234
Arbeidsstad
Ytterland 1
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5213465523
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Barn, familie og helse, Giske kommune.
Arbeidssted
Valderøya, Giske

