deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Skole › Øygarden › Hjelteryggen skule

Hjelteryggen skule

Skole70 %

Om stillingen

Om avdelinga:

Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 180 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua.

Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar.

Vi har no ei 70% fast stilling som skulesekretær ved Hjelteryggen skule. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen.

Arbeidsoppgåver:

Ta imot og følgja opp førespurnad frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar

Være støttespelar for skuleleiinga

Samarbeida tett med administrasjonen på skulen

Ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR)

Oppdatere og følgje opp skuleadministrative system

Utføre saksbehandling knytt til skule og SFO

Arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid

Utføre anna forfallande sekretærarbeid

Kvalifikasjonar:

Må ha:

fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning)

god systemforståing og digital kompetanse

god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook og Powerpoint)

gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak

erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program

erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande

erfaring med skyss elev

Personlege eigenskapar:

er positiv og serviceinnstilt, med godt humør

arbeidar strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert

har gode samarbeidsevner

kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar

er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen)

har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking

meistrar digitale system og verktøy

kommuniserer godt med elevar, føresette kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

Anna:

Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7%. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen.

Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar.

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Motiverte og kunnskapsrike kollegaer

Interessante utfordringar

Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Siri Håland

Rektor

siri.haland@oygarden.kommune.no

Telefon: 55097904/92857144

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Øygarden kommune Hjelteryggen skule.

Arbeidssted

Knarrevik, Øygarden

Publisert 30. oktober

Lignende jobber

Erdal barneskole, Askøy kommune · ErdalRingevikar lærerSkole · Deltid · FleksibelFrist 30. juni