deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt

ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt

Helse80 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Helse og omsorg Fitjar har ledig 80% fast stilling på natt, turnus med jobb kvar 3. helg

Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling.

Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Vikariatet kan bli forlenga.

Me treng deg som

Er fagleg sterk

Er strukturert og pliktoppfyllande

Likar å ta ansvar og føl dette opp

Er stabil og påliteleg

Er kreativ og praktisk

God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer

Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet

Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Har gode samarbeidsevne

Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning

Kvalifikasjonskrav

Autorisert sjukepleiar

Helsefagarbeidar kan bli vurdert for vikariatet

Sertifikat klasse B

Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede

God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar

Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.

God forsikrings- og pensjonsordning.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP

Opplæring og rettleiing.

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

I ferieavviklinga har leiarane ferie på ulike tidspunkt. Om du vil kontakte nokon angåande stillingane så prøv einingsleiar Olav Sande og avdelingsleiarar Marte Kristin Maraas om du ikkje får tak i kontaktpersonen som er oppgitt.

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Fitjar Bu- Og Behandlingssenter og heimebaserte tenester.

Arbeidssted

Fitjar

Publisert 14. august

Lignende jobber