ID 2493 Tilsynsvakt - Tekniske tenester
Om stillingen
Det er ledig stilling som tilsynsvakt ved Vikahaugane Sportssenter
Arbeidsoppgåver
•Service for leigetakarar av anlegget
•Sørge for at leigetakar har rydda og tømt søppel både utvendig og innvendig ved arrangement slutt
•Sørge for at alle dører er låst ved arrangements slutt
•Vask av haller etter oppsette planar som avhenger av arrangement
•Melde frå til koordinator om ein oppdagar ting som er i ustand eller uønskte hendingar ved anlegget
•Ta kontakt med kommunal byggvakt om det er ting som ein treng øyeblikkelig bistand med
Arbeidstid
•Den som vert tilsett vil jobbe mellom kl.15:00 på fredag og kl. 24:00 på Søndag ca. ei helg pr mnd.
•Arbeidsmengda vil variere litt avhengig av kva type utleige ein har på anlegget, men ei normal helg inneberer 12,5 timars arbeid. Ein vil også måtte jobbe i feriar og på heilagdagar.
Personlege eigenskapar
•Vi søker etter ein person som er ansvarsbevisste, pliktoppfyllande og serviceinnstilte.
•Søkjar må kunne snakke og skrive norsk
For meir informasjon om stillinga kan ein kontakte Leif Rune Gravdal, avdelingsleiar Tekniske tenester Mobil: 975 52 020
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Stord kommune.
Arbeidssted
Stord

