deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Restaurant › Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun

Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun

RestaurantHelg og fleksibel

Om stillingen

Øystre Slidre helsetun søkjer fleire tilkallingsvikarar som kan jobbe hjå oss på kjøkkenet i feriar og ved fråvær. Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev, men andre med relevant erfaring kan også søkje.

Arbeidsstad er på Heggenes. Lokala på helsetunet er nye og moderne, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på helsetunet. Som kokk er du med og bidreg til at dei som treng det får eit godt tenestetilbod.

Kandidatar blir vurdert og kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Tilbereding av mat til bebuarar på helsetunet, og til heimebuande med vedtak om matombringing

Tilbereding av mat til kantine for tilsette

Andre oppgåver som høyrer til kjøkkendrifta

Kvalifikasjonar

Det er ynskjeleg med fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk eller kokk. Personar utan fagbrev, men med relevant erfaring og interesse for faget, kan også søkje

Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på kjøkkenet, m.a. på helg

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vera løysningsorientert

Vera fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Nødvendig opplæring og veiledning

Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar

Kontaktinformasjon

Anne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5194028420

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 15.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Øystre Slidre kommune.

Arbeidssted

Heggenes, Øystre Slidre

Publisert 14. oktober

Lignende jobber