deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Butikk › Øygarden › Kultur og innbyggjartorg

Kultur og innbyggjartorg

Butikk

Om jobben

Vil du vere med å drifte BUA på Ågotnes?

Arbeidsoppgåver

Betene BUA i opningstida – låne ut og ta imot utstyr

Svare på e-postar/telefon

Sjekke utstyr og sørge for vedlikehald

Rydde og halde orden på lageret

Administrere utlån i BUA-systemet

Marknadsføre BUA lokalt og på sosiale media BUA Øygarden har opningstid tysdag og torsdag frå 12.00-18.00, og fredagar frå 10.00-14.00. I samband med vinter- og påskeferie har vi utvida opningstider til kl. 20.00 på tysdagar og torsdagar.

I travle periodar kan det vere aktuelt å jobbe meir enn 40%.

Kvalifikasjonar

Erfaring frå butikk (gjerne sportsbutikk) eller andre serviceyrke

Du må kommunisere godt både skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk

Høgare utdanning er ikkje påkrevd

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein serviceinnstilt person som samarbeidar godt med andre

Du må vere påliteleg, ryddig og strukturert

Du tek initiativ og ser kva som trengst å gjerast

Du har god gjennomføringsevne

Du er interessert i og har erfaring med friluftsliv

Kjennskap til turløyper, skiforhold, fiskeplassar m.m. i vår region er ein fordel Personlege eigenskapar vil bli høgt vekta.

Vi tilbyr

Meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for innbyggjarane

Samlokalisering med fritidsklubb og kulturskule på Frihuset, eit aktivt miljø

Godt arbeidsmiljø

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt!

Rådgjevar Frivilligsentralen

Julia Valeska Woehlert tlf. 907 19 143 julia.woehlert@oygarden.kommune.no

Avd.leiar Ung kultur – Hilde Kristin Egeland, tlf. 97 58 51 42

hilde.egeland@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog.

Arbeidssted

Straume, Øygarden

Publisert 9. november

Lignende jobber

Øygarden kommune Fjell sjukeheim · StraumeFjell sjukeheimHelse · Deltid · HelgFrist 30. november