Kyrkjetenar og vaktmeister -- fast 50 % stilling
Om stillingen
Kyrkjetenar og vaktmeister – fast 50 % stilling
Vaksdal kyrkjelege fellesråd søkjer ein praktisk, påliteleg og serviceinnstilt medarbeidar til ei kombinert stilling som kyrkjetenar og vaktmeister.
Stillinga er fast og utgjer totalt 50 prosent:
•20 prosent som kyrkjetenar i Dale kyrkje og Vaksdal kyrkje
•30 prosent som vaktmeister for alle kyrkjebygga i Vaksdal kommune Arbeidsoppgåver som kyrkjetenar
•førebu og leggje praktisk til rette for gudstenester, gravferder, vigsler, konsertar og andre arrangement
•samarbeide med prestar, organistar, andre tilsette og frivillige
•klargjere kyrkjerom og nødvendig utstyr
•utføre rydding og anna praktisk arbeid
•sjå til at kyrkja er trygg, ryddig og representativ før og etter arrangement Arbeidet vil delvis vere lagt til kveldar, helger og høgtidsdagar.
Arbeidsoppgåver som vaktmeister
•føre jamleg tilsyn med alle kyrkjebygga i kommunen
•utføre mindre reparasjonar og praktisk vedlikehald
•følgje opp tekniske anlegg, branntryggleik og internkontroll
•melde frå om feil, skadar og behov for større tiltak
•samarbeide med kyrkjeverja, eksterne leverandørar og fagfolk
•bidra til planlegging og dokumentasjon av vedlikehaldsarbeidet Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg at du:
•har praktisk eller teknisk erfaring
•kan arbeide sjølvstendig og strukturert
•er fleksibel og samarbeider godt med andre
•møter menneske på ein respektfull og imøtekomande måte
•har grunnleggjande digital kompetanse
•har førarkort klasse B og disponerer bil Relevant fagbrev eller erfaring frå byggdrift, vaktmeisterarbeid, kyrkjeleg verksemd eller arrangementsarbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt.
Vi tilbyr
•ei variert og sjølvstendig stilling
•arbeid i kyrkjebygg med stor lokal og kulturhistorisk verdi
•samarbeid med engasjerte medarbeidarar og frivillige
•løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtale i KA-området
•pensjonsordning gjennom KLP Tilsettingsform: Fast stilling
Stillingsstorleik: 50 prosent
Arbeidsstad: Dale kyrkje, Vaksdal kyrkje og dei andre kyrkjebygga i Vaksdal kommune
Oppstart: Snarast mogleg eller etter avtale
Søknadsfrist: 20. november 2026
Søknader kan vurderast fortløpande, men endeleg tilsetjing skjer etter at søknadsfristen er gått ut.
Kontakt kyrkjeverje Bjart-Magnus Ndogo Rosvold på telefon 97 69 75 62 eller e-post br233@kyrkja.no for meir informasjon om stillinga.
Søknad og CV skal sendast til br233@kyrkja.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Vaksdal kyrkjelege fellesråd.
Arbeidssted
Dalekvam, Vaksdal

