deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Renhold › Ledig stilling som reinhaldsoperatør 40%, fast

Ledig stilling som reinhaldsoperatør 40%, fast

RenholdFleksibel

Om jobben

Etne kommune - Bygg- og eigedomsdrift, reinhaldseininga søkjer etter ein ny medarbeidar.

Arbeidsoppgåver

Reinhaldsavdelinga ved Bygg- og eigedomsdrift er opptekne av:

å bidra til eit godt innemiljø med allergiførebyggjande reinhald og ha god reinhaldstandard

ansvarleggjera og skapa gode haldningar

minska slitasje på bygningar som igjen vil medføra betra vedlikehald

vera fagleg oppdatert

det skal vera ein god arbeidsplass og me skal yta service for brukarane Me har lang røynsle med alle typar reinhald.

Kvalifikasjonar

Etne kommune søkjer primært etter reinhaldar med fagbrev som reinhaldsoperatør, det er ønskjeleg men ikkje eit krav.

Erfaring i faget er ynskeleg.

Må kunna mestra norsk skriftleg og munnleg.

Me tilbyr

Etne kommune kan tilby eit godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver.

Kommunal pensjon er ein av godane som føl jobben.

Lønn og tilsetjing i samsvar med det kommunale regulativ, eller etter avtale.

Annan informasjon

Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det og leggast fram godkjend politiattest.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Etne kommune Bygg- og eigedomsdrift.

Arbeidssted

Etne

Publisert 15. november

Lignende jobber