deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Bergen › Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker sjukepleiar/vernepleiar i fast helgestilling langvakt natt

Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker sjukepleiar/vernepleiar i fast helgestilling langvakt natt

Helse25 %Helg

Om stillingen

Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri?

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå.

Sidan oppstart har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søker deg som ønsker å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.

Vi har ein ledig 25% fast helgestilling på natt for sjukepleiar/vernepleiar

Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg (fredag, laurdag og søndag). Ønskt tiltreding er januar 2027.

Kandidatar kan bli kalla inn til intervju undervegs i prosessen.

Arbeidsoppgåver

Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø

Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid

Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding

Ansvarsvakt og medikamenthandtering

Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser

Praktiske oppgåver og dagleg drift

Aktivisering og støtte i daglege gjeremål

Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar

Relevant erfaring med pasientgruppa

Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg

Erfaring frå oppfølging og behandling av personar med rusavhengigheit er ønskeleg

Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad.

Vandelsattest må leggast fram før tilsetting

Personlege eigenskapar

Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta

Strukturert og pasientorientert

Respektfull i møte med pasientar og pårørande

God evne til å arbeide tverrfagleg og i team

Trivst i eit aktivt miljø

Etterspør og nyttar rettleiing

Persoleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innen sikkerhetspsykiatri

15 000 kroner pr år i særtillegg

Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb

Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no

Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1

5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5189572109

Stillingsprosent: 25%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 15.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Klinikk for Sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 28. oktober

Lignende jobber