deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Hå › Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug

Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug

BarnepassFleksibel

Om stillingen

Er du ein som brenn for barn, og som ønskjer å vera med på å skapa gode dagar i barnehagen?

Varhaug Idrettsbarnehage, Lensmannsgarden barnehage og Trekløveren barnehage har behov for engasjerte og trygge ringevikarar som kan stilla opp ved behov.

Arbeidsoppgåver

Som vikar i barnehage vil du:

vera med på å skapa ein trygg, god og inkluderande kvardag for barna

delta aktivt i leik, aktivitetar og læringssituasjonar ute og inne

bidra i planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar

vera ein viktig medspelar i dei daglege gjeremåla i barnehagen

samarbeida godt med barn, føresette og tilsette

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Me ser etter deg som held hovudet kaldt og hjarta varmt, og som er god på:

relasjonar

samarbeid

inkludering

I tillegg ønskjer me at du:

har godt humør og eit positivt engasjement

ser og tek vare på kvart enkelt barn

er varm, sensitiv og omsorgsfull

er fleksibel og kan stilla opp på kort varsel

likar å leika og vera aktiv saman med barna

kommuniserer godt på norsk

Relevant erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar blir vektlagde høgt.

Krav til stillinga

Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. barnehagelova § 30.

Du må ha gode norskkunnskapar i tråd med krav i barnehagelova.

Me tilbyr

ein variert og meiningsfull arbeidskvardag

eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer

rettleiing og støtte ved behov

verdifull erfaring frå arbeid i barnehage

Tilsetjing

Intervju og tilsetjing skjer fortløpande. Me oppmodar derfor interesserte søkjarar til å senda inn søknad så snart som mogleg.

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format , gif, jpeg, jpg eller png , saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no ) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Hå kommune Barnehagene Varhaug.

Arbeidssted

Varhaug, Hå

Publisert 29. oktober

Lignende jobber

Steigen kommune · LeinesfjordNattevakt i privat hjemBarnepass · Deltid · Dag, helg og fleksibelFrist 16. november