deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals

Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud- hals

HelseFleksibel

Om jobben

Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga. Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga

Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov.

Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.

Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.

Arbeidsoppgåver

Telefonkonsultasjonar med føresette/pasient

Preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon gjennom telefonkonsultasjon med føresette

gjennomgang av sjukehistorie og av nødvendig informasjon før operasjon

Ein blir tilkalla ved behov

Kvalifikasjonar

Inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos helsepersonellregisteret

Må vere under relevant medisinsk utdanning

Ha grunnleggande IKT-kompetanse og kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande

Personlege eigenskapar

Pasientorientert

Ansvarsbevisst

Fleksibel

Engasjert

Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Triveleg arbeidsmiljø

Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingvild Øvstebø Engesæter, Seksjonsleiar hovud-hals, ingvild.ovstebo.engeseter@helse-bergen.no

Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, linda-greve.iversen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5210099758

Stillingsprosent: 0%

Anna

Søknadsfrist: 30.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Bergen

Publisert 15. november

Lignende jobber