deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule

Miljøarbeidar ved Sauda vidaregåande skule

Barnepass40 %Fleksibel

Om stillingen

Arbeidsoppgåver

Sauda vidaregåande skule har ledig inntil 40 % fast stilling som miljøarbeidar ved tilrettelagt avdeling frå 01.02.2027.

Me søkjer etter ein medarbeidar som ønskjer å bidra til det eksisterande gode faglege samarbeidet i teamet, og som vil medverke til å skape eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø for både elevar og kollegaer.

Arbeidsoppgåvene vil omfatte:

lett stell og assistanse ved måltid

tett samarbeid med lærarane ved avdelinga

ledsaging under transport av elevar

deltaking i samarbeidsmøter

eventuell deltaking i pedagogiske eller miljøretta opplegg på andre arenaer

Me ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:

Fagbrev innan helsefag eller barne- og ungdomsfag

Godkjent politiattest

Førarkort klasse B

God skriftlig og munnleg fremstillingsevne på norsk, tilsvarande nivå B2

Relevant arbeidserfaring Om du finn skulen og stillingen interessant, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.

Personlege eigenskapar

Trygg og tydeleg: Du maktar å setje grenser på ein omsorgsfull måte og skaper føreseielege rammer for elevane.

Empatisk og tålmodig: Du har evne til å lytte, sjå behova til den enkelte og møte elevar med respekt og varme, sjølv i utfordrande situasjonar.

Gode samarbeidsevner: Du kommuniserer godt og trivst med å jobbe tett i team saman med lærarar, andre miljøarbeidarar og eksterne instansar.

Sjølvstendig og ansvarsbevisst: Sidan stillinga inneber oppgåver som transport og oppfølging på andre arenaer, må du kunne ta avgjerdsel og handle sjølvstendig.

Fleksibel og løysingsorientert: Kvardagen i skulen kan endre seg raskt, og du må kunne snu deg om og ta i eit tak der det trengst.

Humør og engasjement: Du bidreg positivt til det sosiale miljøet og tek med deg arbeidsglede inn i teamet. Me søkjer ein person som kan skape eit godt læringsmiljø og leggje til rette for gode læringsprosessar for elevane. Kommunikasjon, samarbeid og engasjement står sentralt. Det same gjer evne til nytenking og bruk av digitale verktøy. Utdanning, erfaring og personleg dugleik vil bli vurdert i ein heilskap. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Me tilbyr

utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap

høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø

ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet

gode faglege utviklingsmoglegheiter

offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar

lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk

Søknaden din bør innehalde:

Søknadsbrev

CV

Legg ved vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar.

Ved utenlands utdanning legg ved godkjenning frå direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (Hkdir)

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Rogaland fylkeskommune.

Arbeidssted

Sauda

Publisert 28. oktober

Lignende jobber

Fridalen skole, Bergen kommune · BergenSFO-medarbeiderBarnepass · 50 % · FleksibelFrist 12. november