deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Miljøterapeut 70 % vikariat
BufetatBønes

Miljøterapeut 70 % vikariat

Helse70 %Kveld og helg

Om jobben

Om stillinga og arbeidsstaden

Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokaliserte på Bønes i Bergen kommune.

Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR) . Vi arbeider med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem , og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss etter barnevernslova §§ 6-1 og 6-2.

Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum, både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket rundt dei. Vi legg stor vekt på å involvere foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.

Behandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori . Arbeidet vårt handlar om å hjelpe ungdommane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å handtere situasjonar som tidlegare har ført til rusbruk.

I 2026 vart det innført eit nytt fagleg rammeverk for å sikre ein einskapleg fagleg kvalitet i institusjonane. Rammeverket byggjer på kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBIS) og skal styrkje det faglege innhaldet i behandlinga.

Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi no ledig ei 70 % stilling som miljøterapeut i vikariat . Vikariatet varer frå 04.01.2027 til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging. Det vil òg vere mogleg og ønskjeleg å ta ekstravakter utover avtala stillingsprosent.

Det kan bli ledig fleire vikariat i deltidsprosent ved avdelingane. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også kan vere interessert dersom det blir ledig vikariat med lågare stillingsprosent, blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Stillinga inngår i todelt turnus med dag- og kveldsvakter, samt innslag av langvakter, og arbeid kvar fjerde helg. Ved kvar avdeling har vi to vakne nattevakter. Endringar i turnusordninga kan førekome.

Arbeidsoppgåver

Som miljøterapeut ved Bjørgvin ungdomssenter vil du

utøve målretta behandlingsarbeid etter metoden Læringsbasert rusbehandling (LBR)

delta i utforming, gjennomføring og evaluering av individuelle behandlingsplanar

gjennomføre behandlingssamtalar og delta i behandlingsmøte med ungdom og samarbeidspartnarar

gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak for å ivareta tryggleiken og behandlingsmåla

samarbeide tett med barnevernstenesta, føresette, nettverk, politi, skule og helseinstansar

sikre ungdomane sin rettstryggleik gjennom fagleg forsvarleg og presis dokumentasjon

gi ungdomane tryggleik, omsorg og struktur gjennom å vere ein tydeleg, varm og føreseieleg vaksen

rettleie, motivere og setje grenser på ein utviklingsstøttande måte

ha ansvar for tildelte ansvarsområde, mellom anna innan vakt- og brannvern

delta i rettleiing, konsultasjon og fagleg utviklingsarbeid

gjennomføre obligatorisk opplæring og trening innan tryggleik og sikkerheit i barnevernsinstitusjon

bidra i praktiske gjeremål og daglege rutinar på avdelinga

samarbeide tett med kollegaer og bidra til eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø

Kva bakgrunn har du?

Krav til stillinga

Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.

Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.

Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan og vurderast.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

God fysisk og psykisk helse.

Ha førarkort klasse B.

Det er ønskjeleg med

kunnskap om det teoretiske grunnlaget for behandlingsmetoden, herunder læringsteori og kognitiv åtferdsterapi

god kjennskap til barnevernslova og tilhøyrande regelverk

kunnskap om traumebevisst omsorg

rettleiingskompetanse

evne til å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltak til den enkelte ungdom og dokumentere arbeidet systematisk

erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon, psykisk helsevern for barn og unge og/eller anna relevant arbeid med ungdom

erfaring frå arbeid med ungdom med åtferdsutfordringar og/eller rusproblematikk

forståing for og evne til å leggje til rette for endringsprosessar på både individ- og systemnivå Bjørgvin ungdomssenter har behov for å oppretthalde ei god kjønnsbalanse i personalgruppa. Av omsyn til ungdommane og gjennomføring av enkelte tiltak etter barnevernslova, der kjønn kan ha betydning for kva medarbeidarar som kan utføre oppgåva, kan omsynet til kjønnsbalanse bli tillagt vekt ved utveljing til intervju og tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som vil gjere ein forskjell for ungdom i krevjande livssituasjonar.

Du er ein trygg og varm vaksen som møter ungdom med respekt, ro og nysgjerrigheit. Du byggjer gode relasjonar og skapar tillit, også når situasjonane er krevjande. Du trivst i ein variert kvardag, handterer utfordringar på ein profesjonell måte og evnar å omstille deg når behova til ungdommane endrar seg.

Vi ser etter deg som

byggjer gode relasjonar og skapar tillit

er open for rettleiing, fagleg utvikling og ny kunnskap

samarbeider godt med andre og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

arbeider strukturert, metodisk og løysingsorientert

tek ansvar og arbeider sjølvstendig

handterer konfliktar og krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år.

Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.

For søkjarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført b

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Bufetat.

Arbeidssted

Bønes, Bergen

Publisert 18. november

Lignende jobber

Munkvoll helse- og velferdssenter, Trondheim kommune · TrondheimHelgestillingerHelse · 13 % · Dag, kveld, helg og fleksibelFrist 2. desember