deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Haram › Miljøterapeut

Miljøterapeut

Helse80 %Fleksibel

Om jobben

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen. Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utanom skuleåret. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg" . Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

Følgje opp elevar som har behov for ekstra sosial, emosjonell eller fagleg støtte

Delta i og gjennomføre tiltak knytte til åtferd, inkludering og meistring

Ta med enkeltelevar og grupper på aktivtetar som gir meistring og ein meir praktisk skulekvardag med alternativ opplæring

Bidra til å utvikle og oppretthalde eit trygt og inkluderande skulemiljø

Arbeide førebyggjande med relasjonsbygging, trivsel og psykososialt miljø

Samarbeide tett med lærarar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar

Rettleie og støtte elevar i ulike utfordrande situasjonar gjennom skuledagen

Delta i tverrfagleg samarbeid rundt enkeltelevar og elevgrupper

Vere ein aktiv vaksenperson i friminutt, aktivitetar og undervisningssituasjonar ved behov

Dokumentere og evaluere tiltak i tråd med gjeldande rutinar. Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning som pedagogisk utdanning, vernepleie, barnevernspedagogikk, sosionomutdanning eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning

Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg

Kompetanse innan relasjonsarbeid, åtferdsutfordringar og inkluderingsarbeid

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel

Kjennskap til aktuelt lovverk og arbeid med elevane sitt psykososiale miljø er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte

God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn

Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ

Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar

Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Er robust og kan stå støtt i krevjande situasjonar Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

Ei spennande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv

Moglegheit til å skape ein skulekultur til det beste for barn og unge

Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø

Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving

Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt

Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48078837, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidssted

Vatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5206056998

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.01.2027

Søknadsfrist: 29.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Eidet skule, Haram kommune.

Arbeidssted

Vatne, Haram

Publisert 15. november

Lignende jobber

Avdeling Haram bustadar 2, Haram kommune · VatneHelsefagarbeidarHelse · 29 % · Kveld, helg og fleksibelFrist 6. desember
Avlastningsbustad for born, Haram kommune · VatneSjukepleiar/vernepleiarHelse · 28 % · Helg og fleksibelFrist 9. desember
Bergsalleen bolig, 1.etasje, Oslo kommune, Bydel Nordre Aker · OsloFast helgestillingHelse · 88 % · Helg og fleksibelFrist 30. november