deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast

Miljøterapeut/miljøarbeidar - helgestilling fast

Helse30 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?

Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.

Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.

No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver

Målretta miljøarbeid etter tiltaksplanar og dagsplanar

Legge til rette for meiningsfulle aktivitetar (turar, handling, hobbyar, sosial deltaking)

Bruke digitale verktøy og velferdsteknologi

Skape tryggleik, struktur og gode relasjonar

Observere allmenntilstand og melde vidare ved endringar

Dokumentere i journalsystem

Gi medisinar etter delegert kompetanse

Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre faginstansar

Tilleggsansvar vert gjeve til høgskuleutdanna (til dømes veiledning av kollegaer, bidra inn i det faglege arbeidet med tiltaksplanar, bidra i utredningsarbeid)

Kvalifikasjonar

Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning

Helsefargarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar

Studentar og elevar innan helsefag er velkomne til å søkje

God skriftleg og munnleg framstillingsevne- minimum nivå B2

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon

Påliteleg og strukturert – du held avtalar, fylgjer rutinar og sørger for at oppgåver blir gjennomført

Fleksibel – du klarar å tilpasse deg endringar og behov som oppstår i løpet av ei vakt

Sjølvstendig og samarbeidsorientert – du tek ansvar for eigne oppgåver, men bidreg aktivt i teamet når det trengst

Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet – du deltek aktivt for å skape eit trygt, inkluderande og fagleg miljø

Løysingsorientert – du handterer utfordringar på ein roleg og konstruktiv måte, og søker praktiske løysingar i kvardagen Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Me tilbyr

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb

Helgestilling med moglegheit for ekstra vakter som tilkallingsvikar – perfekt for deg som ynskjer fleksibilitet eller meir arbeid

God opplæring og oppfølging

God forsikrings- og pensjonsordning

Lønn etter lokal stige og kvalifikasjoner

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Åmotvegen 2

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5189149623

Stillingsprosent: 30%

Fast

Søknadsfrist: 31.12.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Svingen/Reini, Vinje kommune.

Arbeidssted

Vinje

Publisert 2. oktober

Lignende jobber