deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Bergen › Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat)

Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat)

Helse80 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innan psykisk helsevern?

Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27.

C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål.

Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt.

Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer.

Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg.

Arbeidsoppgåver

Sjukepleiefagleg oppfølging og miljøterapeutisk arbeid med pasientar med psykiske lidingar

Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand

Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane gjennom natta

Legemiddelhandtering i samsvar med gjeldande prosedyrar

Handtere akutte og uventa situasjonar på ein trygg og fagleg forsvarleg måte

Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal

Samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar

Bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav

Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ein fordel

Erfaring frå døgnbehandling og miljøterapeutisk arbeid er ønskeleg

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem

Personlege eigenskapar

Du er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar

Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og er komfortabel med å ta sjølvstendige faglege avgjerder

Du har god vurderingsevne og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar

Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet

Vi tilbyr

Eit meiningsfylt arbeid der du får bidra til behandling og oppfølging av menneske med psykiske lidingar

Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer

Varierte og sjølvstendige sjukepleiefaglege oppgåver

Tverrfagleg samarbeid og høve til fagleg utvikling

Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse

Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934

Arbeidsstad

Tertnesveien 37

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5194105192

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Startdato: 25.01.2027

Sluttdato: 09.05.2027

Søknadsfrist: 10.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Tertnes, Bergen

Publisert 20. oktober

Lignende jobber