deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Voss › Nye Nyhagen

Nye Nyhagen

Helse80 %Dag og fleksibel

Om stillingen

Vil du bidra til meistring, aktivitet og ekte arbeidsglede?

Då kan dette vera stillinga for deg!

Nyhagen aktivitetssenter tilbyr eit meiningsfylt dagtilbod til personar med ulike funksjonsvariasjoner. No har me flytta inn i nye, flotte lokale på Vetleflaten, og er i full utvikling med å skapa eit endå meir variert og spennande aktivitets- og arbeidstilbod. Hjå oss får du vera med å forma ein meiningsfull kvardag til deltakarane våre, gjennom aktivitet, meistring, fellesskap og gode opplevingar. Me ynskjer oss ein medarbeidar som ser moglegheitar, tek initiativ og som vil vera med å vidareutvikla tilbodet vårt.

Me søkjer

Miljørettleiar i 80 % stilling frå 15.02.2027

Arbeidstid på dagtid, måndag til fredag

Arbeidsoppgåver

Bistå og rettleia deltakarar i daglege aktivitetar ved dagsenteret

Planleggja, gjennomføra og vidareutvikla aktivitetar med utgangspunkt i deltakarane sine interesser, ressursar og behov

Nytta ASK som kommunikasjonsverktøy

Dokumentere i Aidn journalsystem (opplæring vert gitt)

Skapa tryggleik, struktur og gode relasjonar

Vera ein tydeleg og trygg rollemodell og støtte for deltakarane

Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning, til dømes innan helse- og sosialfag, pedagogikk, idrett eller fysisk aktivitet m.m).

Fagbrev innanfor helse- og sosialfag kan verta vurdert.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Me ser etter deg som

Er kreativ, initiativrik og likar å tenkja nytt

Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad

Ser ressursane og moglegheitane til den einskilde

Arbeider sjøvstendig, tek ansvar og får oppgåver gjennomførte

Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Er trygg, strukturert og målretta

Er fleksibel og løysningsorientert

Ynskjer fagleg utvikling og er open for å læra nye metodar Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Me tilbyr

ein meiningsfull arbeidskvardag der du får bidra til meistring og utvikling

moglegheit til å påverka og vidareutvikla aktivitetstilbodet

gode vilkår for fagleg utvikling

eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø

yrkesskade- og gruppelivsforsikring

gode pensjonsordningar

løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Rekrutteringstillegg på kr 16 000,- for nytilsett vernepleiar Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Voss herad Nyhagen.

Arbeidssted

Voss

Publisert 22. oktober

Lignende jobber

Aure kommune Hjemmetjenesten Tustna · AureSykepleierHelse · 36 % · Kveld, helg og fleksibelFrist 21. november