deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Barnepass › Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

Barnepass23 %Fleksibel

Om stillingen

Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.

Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.

Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.

Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for.

Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat.

Arbeidsoppgåver

Vikararbeid i helse- og omsorgseiningane: Heimetenesta, Seljetunet, Hogatunet, Miljøtenesta, Meistring og psykisk helse, Interkommunale helsetenester og Helse.

Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.

Kvalifikasjonar

Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg

Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre

Dersom du er aktuell vil du bli kontakta

Du er gjerne i eit relevant studieløp

Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet

Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat

Løn etter tariff. Du skriv timeliste.

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er

aktuell for vikararbeid.

Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!

Kontaktinformasjon

Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no

Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no

Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no

Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad

6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5152331406

Stillingsprosent: 23%

Søknadsfrist: 04.01.2027

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos HELSE OG OMSORG, Stad kommune.

Arbeidssted

Selje, Stad

Publisert 1. juli

Lignende jobber