deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Renhold › Reinhaldar - vikariat

Reinhaldar - vikariat

Renhold60 %Dag

Om stillingen

Vil du jobbe med reinhald i eigedomsavdelinga?

Vi har ledig vikariat som reinhaldar med arbeidsstad Hyen.

Arbeidsoppgåver

Eigedomsavdelinga har reinhaldsoppgåver på kommunale bygg i heile kommunen.

Arbeidstida må tilpassast drifta på arbeidsstaden, men vil i all hovudsak føregå på ordinær arbeidstid (dagtid)

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar med kjennskap til moderne reinhald.

Det er ønskjeleg med praksis frå arbeid som reinhaldar, men du kan også søkje om du ikkje har erfaring.

Det er ein fordel om du har førarkort for personbil.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til samarbeid og kan jobbe både sjølvstendig og i team.

I tillegg vil vi legge vekt på at du er positiv og servicevennleg.

Vi ønskjer at du kommuniserer godt både skriftleg og muntleg på norsk.

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.

Det må leggast fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Hans Petter Almenning Eldevik, Tenesteleiar eigedomsavdelinga, +47 90791986

Randi Liaset, Driftsleiar reinhald, 406 99 374

Arbeidsstad

Grandavegen 9

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5198540440

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 15.02.2027

Sluttdato: 14.01.2028

Søknadsfrist: 15.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Eigedomsavdelinga, Gloppen kommune.

Arbeidssted

Sandane, Gloppen

Publisert 26. oktober

Lignende jobber

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune · SandaneHelgestilling skjerma avdHelse · 14–20 % · Helg og fleksibelFrist 6. desember