deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Skole › Rektor musikk- og kulturskule

Rektor musikk- og kulturskule

Skole40 %Helg og fleksibel

Om jobben

Hareid kommune har ledig ei fast stilling i 40 % som rektor ved Hareid musikk- og kulturskule frå 01.01.2027. Vi søkjer ein rektor som ser verdien av både god økonomistyring, personalhandtering og eit mangfaldig musikk- og kulturskuletilbod. Du er også utøvande i minst ei uttrykksform innan kunst- og kulturområdet.

Hareid musikk- og kulturskule held til i lokale ved ungdomsskulen i kommunen og har i dag 3,6 årsverk, fordelt på 10 tilsette og rundt 230 elevar.

Arbeidsoppgåver

dagleg leiing av musikk- og kulturskulen

einingsleiing, med fullt økonomi- og personalansvar

sikre og vidareutvikle kommunen sitt tilbod i musikk- og kulturskulen

sikre og vidareutvikle samarbeidet med andre delar av kommunen si verksemd, frivillige organisasjonar, kulturaktørar og næringsliv

representere kulturskulen i ulike lokale og regionale samarbeid og nettverk

Kvalifikasjonar

Som søkjar til stilllinga som rektor ved musikk- og kulturskulen, ønskjer vi oss deg som har:

kunst- og kulturfagleg utdanning, med minimum bacherlorgrad

formell, pedagogisk kompetanse (ppu, eller tilsvarande)

leiarutdanning og/eller -erfaring

erfaring frå arbeid i kulturskule, eller anna musikk-, kunst eller kulturverksemd

gode kunnskapar om og forståing av digitale arbeidsverktøy Etter opplæringslova § 17-11 er det krav om politiattest til stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er:

trygg og inkluderande

god relasjonelt og glad i å samarbeide

god til å motivere og utvikle både deg sjølv og dei du skal leie

strukturert og tek ansvar

Vi tilbyr

utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling

ein god arbeidsfelleskap med engasjerte kollegaer

løn etter avtale

god forsikrings- og pensjonsordning Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.

Kontaktinformasjon

Helge Hamre, Kommunalsjef, +47 95069388

Arbeidsstad

Rådhusplassen 5

6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sektor for læring og kultur

Referansenr.: 5209609083

Stillingsprosent: 40%

Fast

Søknadsfrist: 01.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Sektor for læring og kultur.

Arbeidssted

Hareid

Publisert 15. november

Lignende jobber