deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Kinn › Sakshandsamar bustad

Sakshandsamar bustad

Helse50 %

Om jobben

Vil du bidra til at innbyggjarar får god hjelp i spørsmål om bustad?

Vi har ledig eit 50 prosent vikariat som sakshandsamar ved Bustadkontoret i Måløy. Vikariatet varer i seks månader, med moglegheit for forlenging.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med menneske. Ein viktig del av jobben er å rettleie og følgje opp søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar som har behov for kontakt med tenesta. Du vil samarbeide tett med andre tenester for å finne gode løysingar for den enkelte. Vi ser etter deg som møter menneske med respekt, skaper tillit og gir tydeleg og forståeleg informasjon.

Arbeidsoppgåver

Saksbehandling og tildeling av kommunale bustader i tråd med gjeldande lovverk, kommunale retningslinjer og fagleg god praksis

Oppfølging og rettleiing av personar som har behov for bistand.

Dokumentasjon og saksbehandling i relevant fagsystem.

Sakshandsaming og oppfølging av førespurnader frå søkjarar, leigetakarar, pårørande og andre innbyggjarar.

Samarbeid med andre kommunale tenester og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre god og heilskapleg oppfølging av innbyggjarane.

Oppdatering og vedlikehald av fagsystem, leigekontraktar og husleigeregulering.

Halde deg oppdatert innan fagfeltet og gjeldande regelverk

Kvalifikasjonar

Krav om treårig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis sosionom eller barnevernspedagog.

Det er ønskjeleg med erfaring frå sakshandsaming og forvaltningsrettslege forhold.

Erfaring med rettleiing og oppfølging av menneske.

Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.

Krav om norskkunnskapar på minimum nivå B2, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

God evne til fagleg refleksjon og dokumentasjon.

Bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i avdelinga.

Gode samarbeidsevner og evner til å møte menneske i ulike livssituasjoner på en profesjonell og respektfull måte.

Evne til å handtere sensitive situasjonar med empati og integritet.

Strukturert, løysingsorientert og omstillingsdyktig.

Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.

Vi tilbyr

Grundig opplæring i relevant system og arbeidsoppgåver.

Spennande og varierte utfordringar i ei viktig samfunnsrolle.

Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.

Løn etter kommunal tariff og gode pensjonsordninger.

Ryddige arbeidsforhold i ei utviklingsorientert avdeling.

Kontaktinformasjon

Gjermund Veka, Tenesteleiar Bustad, +47 90601142

Arbeidsstad

Gate 1 225

6700 Måløy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5209930660

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 06.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune.

Arbeidssted

Måløy, Kinn

Publisert 17. november

Lignende jobber

Kinn kommune · FlorøUngdomsarbeidarHelse · 17–20 % · Kveld og fleksibelFrist 13. desember
Vinmonopolet · MåløyDeltidsekspeditørButikk · Deltid · Dag og fleksibelFrist 2. desember
Færder kommune Helsehus og rehabilitering · NøtterøyHelsefagarbeider nattHelse · 84 % · FleksibelFrist 10. desember