deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Lager › Bjørnafjorden › Sjåfør dagsenter

Sjåfør dagsenter

Lager50 %

Om stillingen

Bjørnafjorden kommune har ledig 50 % stilling som sjåfør for transport til dagsenter. Stillinga er ledig frå 01.01.2027 med arbeidstid frå kl. 08.00 - 10.00 og 14.15 - 16.00.

Nyhagen dagsenter og Oshaugen dagsenter gir dagtilbod til personar med kognitiv svikt/demenssjukdom og dagtilbod til heimebuande eldre.

Nyhagen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt/demenssjukdom. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Dagsenteret ligg på Luranetunet i Os.

Oshaugen dagsenter er eit sosialt aktivitetstilbod for heimebuande eldre. Hos oss står meistring og trivsel i fokus. Målet er at alle skal få brukt evnene sine, ha ein meiningsfull kvardag og jobbe mot same mål. Vi held til i Oshaugen 1.

Arbeidsoppgåver

Transport frå heimen og til dagsenter

Andre kjøreoppdrag kan forekomme

Jevnleg reinhald av bilen Kvalifikasjonar

Sertifikat kl. B

God i munnleg norsk Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Evne til å jobbe sjølvstendig

God evne til å kommunisere med andre

Vere interessert i å skape gode relasjonar

Evne til samarbeid

Utåtvendt

Lojal

Ansvarsfull

Godt humør Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Løn etter gjeldande avtalar

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os.

Arbeidssted

Os, Bjørnafjorden

Publisert 30. oktober

Lignende jobber