deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Molde › Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar

Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar

Helse80 %Fleksibel

Om jobben

Helse Møre og Romsdal HF har ledig ei fast 80% stilling i preste- og samtaletenesta ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset!

Vi søkjer ein medarbeidar med relevant utdanning, erfaring og kompetanse innan samtalar om tru, livssyn og eksistensielle spørsmål. Stillinga er open for søkjarar med ulik fagleg bakgrunn, og vi ønskjer særleg kompetanse innan å møte menneske i krevjande livssituasjonar, uavhengig av deira tru eller livssyn. Stillinga omfattar arbeid ved SNR Hjelset, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området.

Preste- og samtaletenesta er ei livssynsopen teneste som tilbyr samtalar og støtte til pasientar, pårørande og ansatte, uavhengig av religion, tru eller livssyn. Tenesta skal vere ein trygg samtalepartnar i møte med sjukdom, kriser, sorg og andre eksistensielle utfordringar.

Tenesta har i dag fire sjukehusprestar og éin sjukehusdiakon, som til saman utgjer 3 årsverk i Helse Møre og Romsdal. Av desse er 1,2 årsverk sette av til å dekkje tenesteområdet ved SNR Hjelset.

Som del av fagmiljøet vil du delta i digital kollegarettleiing kvar veke. Vi gjennomfører også faste fagdagar kvart semester. Preste- og samtaletenesta arbeider aktivt for å styrkje den faglege kompetansen til medarbeidarane og legg til rette for relevant vidareutdanning og kurs.

Tenesta arbeider med fleire prosjekt som på sikt kan gi grunnlag for ein mellombels auke i stillingsprosenten. Ei eventuell auke vil vere avhengig av den vidare utviklinga i prosjekta og tilgjengeleg finansiering.

Arbeidsoppgåver

Gjennomføre støttande og eksistensielle samtalar med pasientar og pårørande i tett samarbeid med behandlarar og pleiepersonell

Planleggje, gjennomføre og vidareutvikle ritual og seremonielle handlingar tilpassa pasientar, pårørande og situasjonar

Bidra til fagleg utvikling og kvalitetssikring av Preste- og samtaletenesta sitt tilbod ved sjukehusa

Medverke i psykososial beredskap ved kriser, alvorlege hendingar og ulykker

Gi undervisning, rettleiing og fagleg støtte til tilsette, samt delta aktivt i tverrfaglege team

Delta i tenesta si beredskapsordning for tilkalling utanom ordinær arbeidstid

Kvalifikasjonar

Erfaring frå arbeid med sorg, kriser og menneske i krevjande livssituasjonar

Teologisk embetseksamen eller anna relevant utdanning på masternivå innan tru-, livssyns- eller eksistensielt samtalearbeid

Vigsling, autorisasjon eller tilsvarande godkjenning frå eige trus- eller livssynssamfunn der dette er aktuelt

Kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle spørsmål

Rettleiingskompetanse er særleg verdsett, og søkjarar med erfaring frå rettleiing blir oppmoda til å søkje

Personlege eigenskapar

Du trivst med å arbeide sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ i møte med ulike arbeidsoppgåver

Du har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer på tvers av fagmiljø

Du har evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte

Du møter menneske med respekt, openheit og omtanke, uavhengig av bakgrunn, religion, tru eller livssyn

Du er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit i samtalar om livet sine store og små utfordringar

Du bidreg til eit inkluderande og livssynsope miljø der mangfald blir verdsett og ivaretatt Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

Sterkt tverrfagleg samarbeid

Ein inkluderande arbeidsplass

Løn etter avtale

Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her .

Kontaktinformasjon

Henrik Rønningsbakk Jansson, Seksjonsleiar, 70240595, henrik.ronningsbakk.jansson@helse-mr.no

Arbeidsstad

Opdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5206668007

Stillingsprosent: 80%

Fast

Startdato: 01.02.2027

Søknadsfrist: 06.12.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF.

Arbeidssted

Hjelset, Molde

Publisert 19. november

Lignende jobber