Sjukepleiar- 80% fast stilling
Om jobben
Vil du vere med å utvikle eit sterkt fagmiljø i avdeling Juvike?
Avdeling Juvike er ei demensavdeling på Øystre Slidre helsetun. På helsetunet er det 2 langtidsavdelingar, 1 korttidsavdeling, heimeteneste, omsorgsbustader og institusjonskjøken. På avdelinga er det helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, vernepleier og assistentar, og vi samarbeider tett med dei andre avdelingane Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Vi held til i nye og moderne lokale. Øystre Slidre helsetun ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområd
Vi har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar.
Vi håper du vil søke og ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
•Gje tenester til brukarar etter enkeltvedtak og etter gjeldande styringsdokument
•Varierte arbeidsoppgåver som mellom anna består av å gje helsehjelp og miljøarbeid
•Dokumentasjon i henhald til gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer
•Samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg
Kvalifikasjonar
•Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
•Det er sterkt ønskjeleg med erfaring/vidareutdanning innan demensomsorg
•Gode norskkunnskapar
•Det er krav om politiattest etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4
Personlege eigenskapar
•Positiv, sjølvstendig og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
•Fleksibel, tydeleg og løysningsorientert
•Engasjert og tek initiativ til forbedringsprosessar
•Gode haldninger til brukarar og ser verdien av nytekning innan kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
•Tilleggsansiennitet for sjukepleiarar
•Nødvendig opplæring og rettleiing
•Kompetanseheving
•Opplæring i fagsystem
•Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
•Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP
Kontaktinformasjon
Anne Bråthen, Avdelingsleiar institusjon, +47 91993201
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5205592022
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2026
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Øystre Slidre kommune.
Arbeidssted
Heggenes, Øystre Slidre
