Sjukepleiar
Om jobben
Vi har ledig to 80% vikariat som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A. Vikariata har ei varigheit på eitt år.
Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.
Arbeidsoppgåver
•Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
•Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver
•Legemiddelhandtering
•Sjukepleieprosedyrar
•Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit
•Rettleiing av studentar og kollegaer
•Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
•Norsk autorisasjon som sjukepleiar
•Erfaring frå sjukehus og kirurgi er ønskeleg.
•Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
•Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
•Du er ansvarsbevisst
•Du er engasjert og lærevillig
•Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
•Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
•Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
•Sterkt tverrfagleg samarbeid
•Ein inkluderande arbeidsplass
•Løn etter gjeldande overeinskomstar
•Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5211071742
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.12.2026
«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF.
Arbeidssted
Ålesund



