deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige jobber › Helse og omsorg › Bergen › Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat på Kvinnepost Tertnes

Sjukepleiar eller Vernepleiar på natt - vikariat på Kvinnepost Tertnes

Helse50 %Fleksibel

Om jobben

Rus- og avhengigheitsklinikken har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Kvinne- og familieavdeling er ein del av Rus- og avhengigheitsklinikken og består av ei sengepost, Kvinnepost Tertnes og

poliklinikk/ambulant team, Familieambulatoriet. Kvinnepost Tertnes består i dag av psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk

sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og

treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin

spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.

Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner. Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har

tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om

brukarstyrt seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.

Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt

engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg

samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og

behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi,

treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi

samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av

familieterapeut.

Vi har no ledig eit års vikariat i 50% stilling på natt som sjukepleier eller vernepleier frå januar. Det er moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

Ivaretaking av pasientar

Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring og overgang til frivillig behandling

Medikamenthandtering

Avrusing, stabilisering og abstinensbehandling

Praktiske gjeremål på posten

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Søkar må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Vere tolmodig, ansvarsbevisst, nøyaktig og engasjert

Trivast med å arbeide på natt

Evne til å samarbeide godt med andre

Er fleksibel, løysningorientert og kan jobbe sjølstendig innanfor rammene

Positiv innstilling til oppgåvene som er på natt

Ha evne til å sjå pasientane sine behov

Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet

Vi tilbyr

Eit godt og triveleg arbeidsmiljø

Fagleg og personleg utvikling

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Katrine Erstad Rødlyng, Leiar, 93888808, katrine.erstad.rodlyng@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Tertnesveien 35

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5198900595

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 29.11.2026

«Søk på jobben» sender deg til søknaden hos Rus- og avhengigheitsklinikken, Helse Bergen HF.

Arbeidssted

Tertnes, Bergen

Publisert 12. november

Lignende jobber

Medisinsk klinikk/ Medisinsk post geriatri og infeksjon, Helse Bergen HF · BergenAssistentar 15% helgestillingHelse · 15 % · Helg og fleksibelFrist 30. november