deltidsjobb.no
Forsiden › Ledige stillinger › Helse og omsorg › Sjukepleiar, vikariat i nattstilling ved Giske omsorgssenter

Sjukepleiar, vikariat i nattstilling ved Giske omsorgssenter

Helse75 %Helg og fleksibel

Om stillingen

Vi har ledig eit vikariat på natt i om lag 75% stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt frå 01.03.2027. Stillinga er knytt til avdeling Storhornet ved Giske omsorgssenter og inngår for tida i årsturnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har og eit ledig vikariat i 47% natt.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.

Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.

Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.

Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.

Bidra til eit godt omdømme.

Kvalifikasjonar

Offentleg godkjenning som sjukepleiar.

God digital kompetanse.

Sertifikat for bil.

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.

Gode samarbeidsevner.

Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.

Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar og langtidspasientar.

Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbedringsteam.

Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Elin Karin Hopland, nestleiar/avdelingsleiar, 41702318

Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535

Arbeidsstad

Valderøya

6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5200598867

Stillingsprosent: 75,12%

Vikar

Søknadsfrist: 17.11.2026

«Søk på stillingen» sender deg til søknaden hos Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune.

Arbeidssted

Valderøya, Giske

Publisert 26. oktober

Lignende jobber